OM LAGET
Litteratur/Kjelder
Historie og Natur
Lenkjer
Lokale arkiv
Framsida
Kontingent for 2017:
Vil du stå som einskildmedlem kostar det kr 50. Betaler du kr 75 kan alle i familien stå som medlemar.
Kontingenten betaler du til: Vang Historielag v/ Harald Olav Jevne, konto nr 2146 30 10355
Formålsparagraf for Vang Historielag
Vang Historielag skal arbeide for å fremja interessa og kjennskapen til lokalhistoria i heile Vang kommune. Laget skal ta vare på og føre vidare vår gamle og gode kulturarv.

Lover og vedtekter:
§ 1. Medlemskapen er open for alle

§ 2. Leiinga av laget er 5 av medlemmene, som blir valde på årsmøtet. Alle 4 sokna Øye, Vang, Heensåsen og Høre skal vera representerte her. Leiarvervet bør mest mogeleg gå på omgang mellom sokna. Styret skalkoma saman til møte når leier eller minst 3 av medlemene krev det. Bindande vedtak kan gjerast når minst 3 av medlemene er til stades, og når vedtaket er samrøystes.

§ 3. Årsmøtet har høgaste råvelde i laget. Det skal haldast kvart år innan utgangen av februar månad. Dette skal gjerast kjent for medlemmane minst 14 dagar før. Følgjande saker skal takast opp:

A. Årsmelding for siste året

B. Rekneskap (revidert)

C. Val: Leiar for 1 år, 2 medlemmar valde for 2 år (1. året val på 4 styremedlemmar, 2. året val på 2, men då etter    loddtrekning). 2 varamenn/kvinner til styret valde for 1 år.

D. Fastsetje årspengane.

E. Ymse. Dette kan vera saker styret har fått tilsendt minst 14 dagar før møtet, eller saker styret sjølv vil ta opp. Desse sakene bør styret helst ha innstilling på. Drøfte arbeidsplan for komande år.

Røysterett har alle som har betalt årspengane for siste året.

§ 4. Det er naturleg for laget å ha nært samarbeid med Vang kulturutval, Valdres historielag, dei andre historielaga i Valdres og med andre lag og foreiningar som er interesserte i lokalhistorisk arbeid. Når Vang folkebibliotek er bygd ut, kan materiale som historielaget har bli teke vare på og gjort tilgjengeleg, alt som er samla i skrift, tale og biletmateriale.

§ 5. Vedtak om å leggje ned Vang historielag kan berre gjerast av eit lovleg innkalla årsmøte. Slikt vedtak kan ikkje gjerast om minst 5 av medlemmane går i mot. Om det blir vedteke å leggje ned laget, skal pengane i lagskassa setjast inn på kapitalkonto i Vang Sparebank. Lukkast det ikkje å få laget i gang att innan 10 år, skal midlane tilfalle Valdres historielag.

§6. Desse vedtektene kan endrast på eit årsmøte, når endringsforslaget er gjort kjent ved innkallinga, og minst 2/3 av medlemmane som er møtte opp går inn for det.

Møtereferat
Årsmeldingar
Les....
Les....
Oppdatert 10.11.16 H.R.
Styret i 2017:  
Leiar Nestleiar Kasserar Skrivar Styremedlem
Tore Hovda Ove Bunde Harald Olav Jevne Aud Synnøve Kvale Helge Rønningen
Hensåsvegen 40A Føssesvingen 21 Tveitaronvegen 5 Strøndafjordvegen 361 Ellingbøvegen 180
2975 Vang i Valdres 2973 Ryfoss 2973 Ryfoss 2977 Øye 2975 Vang i Valdres
950 50 882 907 74 701 951 92 015 907 43 520
tore.hovda@bbnett.no ove.bunde@hotmail.com jevnes@online.no aud.kvale@gmail.com helro@online.no
Varamedlemer til styret
Andris J Kvam Berit Oldre
2975 Vang i Valdres 2973 Ryfoss
Revisorar
Aslaug Gjevre Frank Jacobsen
2975 Vang i Valdres 2975 Vang i Valdres