VANG HISTORIELAG
Om laget
Litteratur/Kjelder
Historie og Natur
Lekker
Lokale arkiv
Framsida
Sida oppdatert 11.06.17 H.R.
Utsyn frå Hugakøllen - synfaring laurdag 3. juni 2017
Laget hadde synfaring laurdag 3. juni. Jan Wollan hadde med ei utskrift av skiva som skal bli sett opp for å sjekke at alt var rett. 
Bok med gamle bilete frå Vang under arbeid
Historielaget arrangerte to kveldar med biletregistrering og skanning i hausthalvåret, eitt i Vang Folkebibliotek og eitt i Øvre dalen. Det var godt oppmøte i Øvre dalen, rundt 80 bilete registrerte og skanna. I hovudsoknet var det færre som møtte fram. Årsaka er truleg at alle er opptekne med sine gjeremål. Og alle blir i dag bombarderte med TV, Facebook, internett, og e-post slik at det er tungt å nå fram med bodskapen vår. Historielaget vil drøfte ymse måtar for å få kontakt med vangsgjeldingar som har bilete som har historisk interesse.
Boka blir bygd opp etter tema, og førebels har vi tenkt på dette: Vegbygging, brøyting, transport, samferdsel, mekanisering frå hest til traktor, kraftverk og anleggsarbeid, pelsdyr, bygging av driftsbygningar og andre hus, jakt og fiske, reinsdrift, stølsliv, klassebilder og konfirmantbilder.
Fotosamlinga i kommunen har i dag om lag 3500 bilde som vart samla inn i 1994. Ein god del av desse er svært interessante. Vi manglar bilde frå om lag 1940 og framover mot nyare tid, som ikkje er registrert i fotoarkivet tidlegare. Derfor vil det i vår bli ei runde med scanning av interessante bilde i dei forskjellige kretsane. Vi har gode støttespelarar som er med på denne jobben, men vi treng hjelp frå dykk!
Boka vil bli delt inn i tema, og vi treng bilde som syner mange forskjellige situasjonar og hendingar: Vegbygging, brøyting, mekanisering, overgang frå hest til traktor, bygging av driftsbygningar og andre bygg, pelsdyrnæringa, transport/samferdsel, klassebilde, konfirmasjonsbilde, idrettsarrangement, jakt og fiske og kraftverk og anleggsarbeid.
Som de ser er vi ute etter mange forskjellige tema. Bilda de kjem med må vera av brukbar kvalitet, og vi bør vite namna på dei fleste på bilda. Dei bilda som ikkje blir nytta i boka i denne omgang, vil bli lagt i fotoarkivet til eventuelt seinare bruk.
Vi håper verkeleg at de vil stille opp på denne dugnaden, det er viktig å dokumentere fortida vår på denne måten.
Vi vil presisere at dette er eit non-profit-foretak, der ingen av dei som arbeider med dette prosjektet skal tena pengar på dette.
Heimesida til historielaget http://www.vanghistorielag.no vil i denne samanheng bli nytta mykje til informasjon om prosjektet. Følg med der og i lokalavisa for når bildeinnsamlinga startar.


Du kan sjå biletsamlinga her...
VÅRTUR TIL SPUTREFØSSEN
Hytteeigarane Trond S Paulsen og Joakim Gundersen har forelska seg i Sputreføssen og har laga eit interessant skriv om denne mektige fossen (du finn det her i heimesida). Det syner seg at svært mange vangsgjeldingar ikkje har sett denne naturattraksjonen. Det vil historielaget gjera noko med. Derfor arrangerer vi vårturen dit i år.

Frammøte ved Dalsbrua kl 18.00 tysdag 13. juni. Vi går opp på Gilen, der er det flottast utsyn over fossen. På tur ned att går vi innom gardstunet i Sørre-Givre, og tek kafferasten vår der.

Det er fint om alle tek med mat og drikke til seg sjølve, og hugs gode sko.
Vel møtt!

Helsing Tore

HAUSTTUR TIL BAGNSBERGATN
Sundag 3. september reiser vi på hausttur til Bagnsbergatn. Der er det minnesmerke etter kampane i april 1940. Og det lokale historielaget har gjort ein stor innsats for å gjera desse tilgjengeleg. Meir om dette på heimesida seinare.