VANG HISTORIELAG
Historiske vandringar

VÅRTUR 2017 TIL SPUTREFØSSEN
Tysdag 13. juni. Det var godt frammøte på ein interessant tur. Hytteeigarane Trond S Paulsen og Joakim Gundersen har forelska seg i Sputreføssen og har laga eit interessant skriv om denne mektige fossen (du finn det her i heimesida). Svært mange vangsgjeldingar ikkje har sett denne naturattraksjonen. Dette gjorde historielaget noko med.

HAUSTTUR TIL BAGNSBERGATN
Sundag 3. september reiste vi på hausttur til Bang. Fyrst fekk vi ein rundtur i bygdemseet, med Kristian Bangsund som kan si lokalhistorie frå ende til annan. Etterpå reiste vi til Bagnsbergatn. Der er det minnesmerke etter kampane i april 1940.

Hausttur sundag 11. september 2016
Historielagsturen til Vabakko 11. september vart ei triveleg oppleving.  Vi starta ved bommen til Helinvegen for samkøyring, og var om lag 20 personar med på turen. Meir...

Vårtur torsdag 2. juni 2016
Historielaget gjekk vårtur til Nørre Leirhol og dei nedlagde husmannsplassane rundt garden den 2. juni 2016. 21 vangsgjeldingar hadde møtt fram i det fine veret. Eigarane sjølve tok imot oss. Omvising i Riddarstøga og Jobu- og Gråtass- museet til Jon. Etterpå tok vi turen nedom Hærsen, Teigen, og Øigardsbakkane, gamle husmannsplasser nedved fjorden
. Meir...

Hausttur sundag 6. september 2015.
Busstur med stopp ved Leinekvernene. Lars Skrinsrud stilte opp som kunnskapsrik kjentmann og fortalde.  Neste stopp var det gamle Eidsfoss kraftverk. Johannes Kasa tok oss med inn i maskinhallen og fortalde. Dagen vart asvlutta med quis og servering på Haukåsen. Meir...

Vårtur sundag 25. mai 2015
Turen var eit samarbeid mellom Historielaget og Vang Sokneråd som ein del av markeringa av 175-års jubileum for Vang Kyrkje. Turen starta frå Heensåsen kyrkje, stigen ned til Høvda, gjennom tunet i Nørsvin, over Hemsingbrua, opp Kongevegen, til Kvam gard, og enda opp i Drengestøga.  Meir...

Hausttur 7. september 2014
Haustturen går til Herredalen, med buss og omvising. Sigfred blir med som kjentmann og vil gjera turen interessant. Når vi kjem fram att frå Herredalen kan den som vil gå gamle stølsvegen frå Nefstadstølen
og til Austreim, ein lettt og fin tur som tek  omlag ein time

Hausttur 2013 gjekk langsmed postvegen frå Kvismoen  Meir...

Medlemstur til Borlo Bygdetun i Borlaug. Sundag 16. juni 2013
med oppmøte ved banken kl.11.00 Vi får omvisning og traktering på bygdetunet. Om det blir tid til det ruslar vi ein tur på Vindhellavegen.

Hausttur til Belgen og Belgeslettad'n 28. august 2011  Meir...

Fredag 27. mai 2011: Vårtur
Ein liten rusletur til Haffellknuppen, med flott utsikt over Vangsoknet. Andris Berge blir med som kjentmann.  Meir...

Haustvandring 2002
Vi gikk "Stigen hass Knut" på Øvre og Nerre stølsvegen på vestsida av Helin. Ca 45 frammøtte.  Meir...

Kulturhistorisk vandring mai 2001
Artikkel i "Valdres"1.6.2001, skriven av Olav Robøle
I gamle spor langs Vennis-landet. Langs stranda mellom Sparstad og Leine er det tett med minne frå farne tider. Det fekk dei erfara, dei omtrent sytti som ga seg med på kulturhistorisk vandring onsdag. Meir...

Haustvandring 2001
Turen gjekk med hest og kløv frå Bergseng til Raudalen. Ordførar Knut Haalien forklarte undervegs, og vi rasta på Hovdestølen. Frå Hovdestølen gjekk vi over Klebersteinsberget til Raudalen.  Meir...

Leirholshøgda 1999
Turen gjekk opp Leirholshøgda frå Leirhol til gamle Øvrestølen på Sparstad og ned ved Sparstadgarden. Jan Sparstad fortalde om skålgroper på Øvrestølen, drifta på heimstølen Rysseflat og om "Bordet hass Knut" på turen ned. Ca 30 deltakarar.

Vardevandringar
Framsida
Sida oppdatert 02.05.18 H.R.