VANG HISTORIELAG
Framsida
Hausttur til Smådalen og Vabakko sundag 11. september 2016.
Historielagsturen til Vabakko 11. september vart ei triveleg oppleving.  Vi starta ved bommen til Helinvegen for samkøyring, og var om lag 20 personar med på turen.
Innover køyrde vi nørre leia om Smådalsfjellet. Sigfred fortalde her historia om Ola Eivindsson Tune og familien hans, som budde i Vabakko frå 1859 til 1873. Dette er ei dramatisk historie, som du kan lesa meir om på side 87 i «Gamalt fraa Vang» av Bøye Kattevold (klikk 
her ).
Ola Haugen møtte oss på Njukestølen og han fortalde oss mykje interessant om stølslaga i Smådalen, med god hjelp av andre lokalkjente. På Storlien stilte Ellen opp med traktering i sælsveggen ved Prestgardssælet, før vi køyrde på Øynadn for å ta fatt på sjølve turen.
Helge og Tore hadde vore i vegen 4 dagar før for å forvisse seg om at det gjekk an å koma over Smådøla. Natt til sundag regna det grepa, så Smådalen hadde mykje meir vatn som han ville kvitte seg med. Det var på hekta at flesteparten kom seg over, nokre meinte dei hadde det bra nok utan å vera med siste stubben.
Stigen til Vabakko er godt merka, og det er rydda rundt tomtene der, så det er greitt å finne fram. Dei måtte ha eit kolossalt pågangsmot for å dra med seg ein 2-etasjes bygning stokk for stokk frå Stele til Vabakko.
I Storli'n stilte Ellen opp med traktering i sælsveggen ved Prestgardssælet.
Ei flomstor Smådøla vart dagens utfotrdring. Deltakarane løyste ette på ymse vis: vadere, improviserte vadere av plastsekkar, eller sko- og sokke-ombyte.
Tun og tufter var noko attgrodde. Men det hadde vore mange hus på plassen. Og det var praktiske sider ved livet i Vabakko, som skulegang for borna som gjorde at dei forlet heimen sin, ikkje armoda.
Sida oppdatert 20.10.16 H.R.