VANG HISTORIELAG
Det var historielaget i Vang som hadde teke arbeidet med å få prenta heftet til skulemeister Bøye Kattevold (1849-1936) om att. Sidan boka vart utseld mest med det same ho kom ut, har det vore uråd for seinare generasjonar å sikre seg eit eksemplar. Og dei fåe bøkene som enno er att i bygda, er såpass utslitne at dei mest ikkje er til å lesa i. Det var nemleg ikkje alle som fekk gjort det slik som Knut H. Berge. Han tok eit brevkurs i bokinnbinding og fekk dermed sikra denne boka og andre hefte eit lengre liv. Sonen, Håkon Einar Berge, kunne syne fram boka og det flotte arbeidet til faren. Elles finst det stensilar av boka i mange heimar.

Men no hadde historielaget ordna seg med 500 hendige eksemplar av boka, og om lag ein femdel av desse vart selde alt fyrste kvelden. Etterspurnaden var med andre ord svært stor, og for dei som ikkje hadde høve til å møte fram på Torsheim, kan det ventast besøk av eit aktivt seljekorps utover våren. Elles var det visst høve til å tinge boka på heimesida til Vang Historielag, og lageret er å finne heime hjå Trygve Berge. Han treng neppe setja av stor plass til det.

Nærare åtti tilhøyrarar hadde møtt opp på Torsheim då kvelden vart opna av leiaren i historielaget, Kartharina Sparstad.  Deretter overtok Sigfred Hovda som har vore primus motor for prosjektet. Han fortalde om forfattaren, som hadde nytta tolv sengeliggjande år til å skrive ned folkeminnestoff frå bygda. Bøye skreiv alt på dialekt, men han kom ikkje til å få oppleva at skriftene hans kom ut i bokform. Det var sønene Helge og Thomas som fekk gjeve ut boka under krigen, i 1943.

Bøye Kattevold hadde mange interesser og blant dei fremste var songen. Det passa difor godt at Vang Sanglag stod for underhaldninga denne kvelden. Dei framførte tre songar og den fyrste var visa om Vangsmjøse, skrive av Thomas Skeie. Så fekk me ”Tytebæret” av Vinje og til slutt ”Bruremarsj frå Vang”. Ei lita matøkt høyrer også med på slike kveldar, og Elevbedrift frå Vang Barne- og Ungdomsskule ordna med både te og kaffi, og kake attåt.

Til slutt fekk Randi Skeie ordet. Ho og mor hennar, Else, var komne langveges frå i høve bokkvelden. Randi er oldebarnet til forfattaren og ho er skulemeister (rektor i Øyer) i fjerde generasjon. Det var far hennar, Boye Skeie, som for fire år sidan tok initiativ og kontakt med Sigfred Hovda for å prøve å få gjeve ut boka på nytt. Men så vart dessverre Boye sjuk, og kunne ikkje fullføre arbeidet. Dottera Randi lovde då far sin å overta arbeidet med boka. Med hytte på Hela og mykje kontakt med slekt og vener i Vang, var ho godt inne i stoffet som oldefaren hadde skildra. Ho song også eit lita strofe frå boka, og oppfordra til slutt møtelyden til ein fellessong som Bøye hadde dikta: ”Buskapen sleppe ut”.

«Gamalt fraa Vang» kjem i nytt opplag

Den meisterlege Boka som gamle Bøye Kattevold skreiv medan han var sengeliggjande, vart utseld nesten med det same ho kom ut i 1943. Gamle skulemeisteren Bøye døydde i 1936, men to av sønene hans samla det gamlingen hadde skrive ned og ga det ut i bokform. Og for ein kulturskatt! Bøye var fødd i 1849, og levande interessert som han var i bygda si og alt som hadde føregått der gjennom tidene, vart han ein historieskrivar av dei sjeldne. Boka er skriven på god, gamal vangsdialekt og i eit ledig og levande språk. Bøye fekk den skjebne å bli liggjande til sengs i 12 år. Desse åra brukte han godt. Han sat oppstødd av puter med skrivebrett framfor seg i senga og skreiv ned mykje av det han sat inne med av kunnskap om samtid og fortid i Vang.
Av overskrifter i boka kan nemnast: Um liv og tru og stell i gamal ti, med undertitlar som friing og bryllaup, fødsel og barnedåp, død og likferd, klædrakte og matstell, krøterstell, stølslivet, jakt og fiske, gamle ferdselsvegji, aavertru,dan-s'n på Hølma og haugafølk, blant mykje anna.
Så har han skrive ned gamle sagn som til dømes: Hulbakk-sagnet, Tomas-heller'n og Tor Hamre.
Kyrkjesnikkaren, bygdedokteren og heiderskaren Aslag på Hauge, kjempa i Vabakko, Ola Eivindson Tune, (Øyningen), og tusenkunstnaren Knut murar'n, (Einhendingen) har fått livsverka sine skildra på ein fengslande måte.
Så skreiv han om husmannsplassar og fattigfølk, om storflaumen i 1860, om svinehøld, bjødn og bjødnaskyttara, om tjuvri, brotsverk, brennevinsbrenning og låg moral på 1830-talet, og ei fornøyeleg skildring av ein brennevinsauksjon i Bøagardo. Han Bøye vart omtala som ein makalaus skulemeister. Å høyre på at han "katekiserte" når det var eksamen og fullt med folk i skulestøga, skulle vera reine opplevinga. Kjærleiken til "bødno" skin tydeleg gjennom i Forteljinga fraa skulun, artige stubbar som eignar seg godt til høgtlesing og underhaldning. At han var avhalden som skulemeister skjønar me av at 17-maitoget til ære for gamlingen gjekk frå Fredheim og ned i garden på Skeie. Dette var årvisst, og etter at han kom seg på føtene att, stod den kvithåra høvdingen på troppa og tok imot hyllinga. Akk ja, san. Slike ovasjoner blir ikkje gamle skulemeistrar til del, no lenger.
Nemnast må det òg at Bøye skreiv fine dikt om heimbygda si og om liv og virke der. Boka tek til med det fine diktet: 'Gamle Vang uppmed høgaste fjello kveikje hugen hjaa store og smaa'.
Det har i fleire år vore tala om at denne interessante og lenge sakna boka burde koma i nytt opplag. Gjennom samarbeid med slektningar av Bøye, har Vang Historielag teke på seg å få boka trykt opp att. Boka har no fått to små tillegg der sonen Helge fortel om far sin, og gamle Johannes Havre som skriv om yrkesbror sin då han var avliden. Historielaget meiner dette bør vera ei bok for alle heimar i Vang, i alle fall, og håpar på velviljuge kjøparar, slik at laget ikkje kjem i økonomiske vanskar på grunn av dette initiativet. Boka skulle og passe godt som gåve til utflytte vangsgjeldingar.
Fredag 28. mars blir det ei lita tilstelling på Torsheim der boka blir presentert nå nytt og blir å få køpt.

Vang, 22. mars 2003

Sigfred Hovda
Framsida
Du kan lesa boka her...