Om laget

Kalender

Aktivitetar

Prosjekt

Tema

Kontakt

Historiske
vandringar

Lokale arkiv

Litteratur

Lenkjer

Andre lag
i Vang

Valdres
Historielag

Årsmelding-referat

 

 

Årsmelding for meldingsåret 6.3.2006 - 1.3.2007


Årsmøtet i 2006 vart halde i Sørre Hemsing måndag 6. mars. 13 av laget sine medlemar var til stades.

Styret har i meldingsåret vori samansett av:
Inger Sørum - leiar
Harald Olav Jevne - kasserar
Ove Bunde - skrivar
Randi Holien - styremedlem
Jan Sparstad - styremedlem

Varamedlemar til styret har vori:
Andris Kvam og Berit Oldre

Årsmøtet valde Aslaug Gjevre og Frank Jacobsen til revisorar.

Valnemnd har vori:
Katharina Sparstad
Nils Rogn
Kirsten Kvam

Satsane for årspengar til Vang historielag for 2006 vart ikkje endra frå året før, dvs. kr. 50 for einskildpersonar, kr. 75 for familie.

Årsmøtet vedtok å honorere den som innehar leiarvervet med kr. 2 000 og kasseraren med kr. 1 000 i året.


Styreaktiviteten
Styret har hatt 4 møte i perioden (20. april, 25. april, 9. november, 23. januar). Saman med giro for kontingent 2006 delte styret ut eit ark med informasjon om Vang historielag, om planar for året og historielaget si heimeside på internett. Sendinga vart lagt i rundt 250 postkassar i Vang sist i april.

Å få laga eit minnesmerke etter Knut Hermundstad samt skipe til ei tilstelning (markering) i samband med avdukinga av dette har vori den raude tråden i styrearbeidet dette året. Ei vekes tid etter årsmøtet i 2007 skal dette skje, på Vang Folkebibliotek. Den næraste familien til Knut Hermundstad er spesielt invitert, likeeins ein representant frå Norsk Folkeminnelag, leiar i Valdres Bygdebok - Ivar Aars, Vang kommune v kultursjef Jon Eggen, leiar i Valdres Historielag - Marit Bakken, leiarane i alle historielaga i Valdres, kunstnaren Marit Ødegården samt dei som skal bidra med program for kvelden.


Slåttedag
I samarbeid med husflidslaget og pensjonistlaget vart det m.a. slåttedag i Sørre Kvam den 26. august. Der møtte folk med ljå og fekk prøve kunsten å slå med - og å kvesse denne tradisjonsberaren av ein slåttereidskap.

Løgnt o' løgle
9. juni var over 40 personar samla til Løgnt o' løgle på Øylo Gjestgiveri. Det var eit oppmøte langt over kva som var forventa. Forutan at mange bidrog med historieforteljing, framførte Bjørg Berge fleire låttar på langeleik som ho knytte gode historier til.

Neste Løgnt o' løgle var i Sørre Hemsing 29. november, og her deltok 22 personar. Også her vart det fortald mange artige og gode historier.

Den alltid like positive, hjelpsame, imøtekomande, idèrike, mangfaldige og kunnskapsrike Sigfred har styra ordet og fått folket i tale på desse tilstelningane. Historielaget har enormt mykje å takke den gode Sigfred for!


...og alt som ikkje gjekk etter planen
På årsmøtet i 2006 la styret fram ein ambisiøs arbeidsplan for året, ein plan årsmøtet slutta seg til. Eit arrangement med føredrag av arkeolog Axel Mjærum om historiske utgravingar på Filefjell vart det ikkje noko av ettersom førdragshaldaren ikkje kunne kome. - Og haustturen dette året gjekk "i vasken". Den skulle gå til Hødntinden, men berre dagane gjekk… Nei, det er ikkje godt å strekke til, sjølv for styret i historielaget.
Oppdatering av historielaget si heimeside på internett er også eit forsømt - og rett og slett gløymt kapittel delar av dette året, diverre.
For eit år sidan arbeidde styret med planar om å få trykt opp att bøkene til Knut Hermundstad, men fann ut at dei allereie var tilgjengelege. Difor vart dette lagt på is, men det er framleis å vone at t.d. Norsk Folkeminnelag vil ta tak i dette og få gjeve ut bøkene skikkeleg innbundne med stive permar.


Vardevandring - Hugakøllin
747 namn er innskrevne i boka i sumar, derav ca. 114 utlendingar.


Medlemstal
Pr. 31.12.2006 har Vang historielag 99 medlemar.
Innbetalt kontingent til laget utgjer kr. 4 100 for 2006.


Økonomi
Pr. 31.12.2006 hadde Vang historielag kr. 61 896,43 på konto i Vang Sparebank.


Bakkin, den 1. mars 2007

Styret

 
Til toppen | Framside

Send gjerne Epost til Nils
Oppdatert 18.03.2009