Vang Historielag, årsmelding for 2003.
Det har vore liten aktivtet det siste året noko som skuldast ein
slapp formann. Desse har vore i styret siste året: Formann Trygve
Berge, styremedlemer: Jørand O Lunde, Harald Olav Jevne, Ove
Bunde og Jan Sparstad.
Vi greidde ikkje å samle heile styret slik at vi fekk: valgt resten
, så formannen har fungert som kasserer, og Jørand har
vore skrivar . Vi har hatt tre styremøter. Det vart kjøpt
ny bok til Hugakollen, og formannen var oppe med den . Vi var med i
den historiske vandringa til Hugastølen, det var ein fin tur
Valdres Historielag hadde års møtet sitt i Søre
Kvam, og Vang var vertskap og betalte serveringen, og Jørand
var der og tok mot årsmøtedeltakarane.
Før jul var formannen bedd om å kome til Fagernes på
bok-kveld for å fortelja om Gamalt Fraa Vang .
Bokhandelen har fått 15 bøker for salg.
Det vart lagt ut bank giroar i postkassene til medlemer og andre , vi
fekk nokre nye.
Laget har 69 medlemer som har betalt tilsaman kr: 4550, Boka har seld
bra, det er seld for ca 70000 kr, vi har også gitt bort nokre
til slektningar etter Boye Kattvold. Laget hadde ved årsskiftet
ei behaldning i banken på kr: 46,676,57 og har dermed auka formuen
frå kr:24874. Laget har derfor ikkje søkt om støtte
i år, men kan komme attende seinare dersom noko skulle dukke opp.
Haust-turen vart litt annleis i år , vi brukte pengar på
ein tur til Frønningen, vi var 30 stk i 2 minibussar, det var
den l0 august. Vi vil gjeme ha forslag til tur til hausten, og ellers
andre forslag til ting vi kan drive med.