Om laget

Kalender

Aktivitetar

Prosjekt

Tema

Kontakt

Historiske
vandringar

Lokale arkiv

Litteratur

Lenkjer

Andre lag
i Vang

Valdres
Historielag

Årsmelding-referat

 

Logo til Vang Historielag
 

 

Vang historielag har ein del faste aktivitetar og ein del som blir planlagt meir spontant.
Alle desse aktivitetane vil vi leggja ut her. Så sjå innom etter oppdateringar.

Vi har faste turar kvart år:

Vardevandringar- Kvart av historielaga i Valdres har sin fjelltopp med varde som turmål. I kvar varde er det lagt ut bok til å skrive seg inn i. Dei ulike historielaga har desse turmåla:

Vardevandringar
Vang - Hugakøll'n
Øystre Slidre - Kvithøvd
Vestre Slidre - Olberg
Ulnes og Svenes Historielag - Ryeberget
Aurdal - Vardeberget
Sør-Aurdal - Langeberg

Planar 2010

" 21. mai kl. 18.00: Vårtur med oppmøte ved Heensåsen. Vi går Liavegen til Belsheim, med omvisning i gardstuna der. Vidare går vi ned til jordene til Kvemishaugen.
" 19. juni kl. 19.00: Medlemsfest.
Historielaget arrangerer medlemsfest i sørre Kvam, med servering og underholdning.
" 22. august kl. 11.00: Hausttur til Kalvedalen
på leiting etter Kælvedalspresten. Vi håpar å få med oss Nils J. Lykken frå Lykkjegaro til å fortelja det han veit om Kalvedalen. Etterpå blir det omvisning i Kalvedalen Kraftverk.
" 17. oktober kl. 19.00: Filmframsyning i auditoriet på VBU
av filmen Becket frå 1964 med Richard Burton i hovudrolla som Thomas Becket. Dette er historia om han som St. Tomaskyrkja vart vigsla til, og bør vera ei svært interessant historie for alle vangsgjeldingar! Jahn Børe Jahnsen blir med og vil fortelle oss den mer offisielle versjonen av denne spennende historien.

 
Til toppen | Framside

Send gjerne Epost til Nils
Oppdatert 17.04.2010