VANG HISTORIELAG
Gullik Kirkevoll 1895 - 1978
Tradisjonsberar for bygdedans i Valdres
Gullik heldt mange kurs i Valdresspringar. Teksten nedanfor er ei attgjeving av ei 'oppskrift' på Valdresspringar han delte ut til deltakarane på eit kurs han heldt i Vang rundt 1964.
Valdresspringar.

Grunnsteget i V.s. er for gjenta bytomsteg,før brukte ho berre gåsteg. Guten brukar gåsteg og sviktar burt eine takte på eine foten. Det blir og nytta bytomsteg, særlig når guten snur gjenta. Frå gamalt har det vore minst 10 turar i V.s. Her skal takast med 8 av turane som har ubroten tradisjon.  - Det vanlege var å byrja dansen med å gå nokre steg etter takta med gjenta i høgre handa og snu henne eit kast rangsølis (til vinstre eller mot soli) samtidig som ein gjorde ein liten svikt med eine foten og slo litt upp med den andre bakover.

1. Guten dansar framum gjenta med gåsteg - byrjar med ei god markering på høgre foten, snur seg til høgre fyrst på høgre tå so på vinstre tå og hæl til han kjem rundt. - Gjenta fører han fram, - ho har front framover - og snur henne tvo kast rettsølis (med soli). Før ein går til snuing av gjenta i V.s. markerer ein med å føre armen på gjenta litt attover i motsatt retning enn skal snu. Dette gjeld anten ein snur med høgra eller vinstra.

2. Guten dansar framover nokre steg og snur seg so til høgre eit halvt kast mot gjenta og dansar baklengs eit par eller fleire steg før han tek kastet over hovud. Han snur seg sjølv eit kast til vinstre (fyrst på vinstre tå og so på høgre) og snur so gjenta eit kast til vinstre på 2 takter (det har og vore brukt 4 i Ulnes, men det kan vera frå Hallingdal). Med sama svingar guten seg vidare til vinstre eit kast so han får handi til gjenta på ryggen, slik dansar han baklengs nokre steg som han finn for godt.

3. Herfrå svingar guten seg sjølv under armen til gjenta tvo kast til høgre i lite tempo (ikkje so fort som når han tek det vanlege kastet over hovudet). Og for kvart steg ein liten svikt med eine foten og eit lett slag bakom med andre. Etterpå snur han gjenta eit kast rangsølis.

4. Etter tur nr 3. snur guten seg so langt til høgre at det kan passe å leggja handa til gjenta på si vinstre skulder - skiftar so handa til gjenta over i si vinstre - og tek armen til gjenta over hovudet i det same han snur seg sjølv eit halvt kast til høgre og dansar baklengs med livat markering medan han snur gjenta eit eller tvo kast til høgre.

5. Guten snur seg til høgre att so han får front framover og tek handa til gjenta på ryggen. So tek han kast over hovudet med vinstre handa. Guten snur seg eit kast til vinstre med armen til gjenta  over sitt hovud og snur so gjenta eit kast til vinstre.

6. Guten snur seg so til høgre so han får front framover og har framleis handa til gjenta på ryggen i si vinstre. So dette djupe kastet der guten svingar seg til høgre og smett under armen til gjenta medan han snur seg eit kast og går til høgre framfor gjenta og fører henne framover på vinstre side og snur henne so tvo kast til høgre framfor seg (Guten må her passe på å gå over til høgre so det blir plass til gjenta og går rett fram so mykje so mogeleg).

7. Guten har endå handa til gjenta på ryggen og som avslutning på dansen tek han so dubbeltkastet ved å snu seg til vinstre eit halvt kast - skiftar han (frå vinstre til høgre) tek kastet over hovudet som i 2. Turen. Snur so gjenta tvo kast til høgre - deretter snur han seg sjølv eit halvt kast til høgre og legg handi på gjenta si vinstre skulder og høgre arm til gjenta kring livet. Same taket tek han på gjenta. Dette er utgangsstilling til rundsvingen der guten byrjar med ein svikt på høgre foten. Når dei har svinga så passar guten på å sleppe upp med høgre arm med det same han gjer siste hoppet (gjenta slepp upp med vinstre satidig). Guten fører so gjenta fram med vinstre handa til ho får front framover og dansar upp på vinstre sida hennar. So tek han henne i si høgre hand og snur henne eitt kast rangsølis. Der byrjar dansen att.

Frå gamalt skifta deig gjente før dei gjekk på rundsvingen. Dette heite ”Å snu frå seg”. (Utgangsstilling var som til vanleg rundsving). Guten tek armen til gjenta frå si vinstre skulder og over i sitt eige hovud. So tek han høgre arm over vinstre armen til gjenta som gjev guten høgre, slepper taket med vinstre og snur gjenta eit kast rangsølis og slepper henne med same so ho dansar laus framover til ho møter guten som dansar fyre. Guten snur seg eit halvt kast og møter gjenta som kjem etter. So vanleg tak som til rundsving - eit nokre hofsesteg, guten bakover og gjenta framover, so hofsing rundt eit par kast før rundsvingen. Like før denne turen ropte ein av karane ”Kløyve guta”.
Framsida