VANG HISTORIELAG
Haustturen 2013

Gjekk langsmed Postvegen frå Kvismoen.

Kari Bø Wangensteen var med som kjentmann i området, og vi var i alt 17 deltakarar denne fine haustdagen.
Postvegen var i tidlegare tider ein beinveg som mellom anna vart nytta når posten skulle fraktast frå posthuset som låg på Kvismoen, og opp i Høresbygda.

Vi gjekk fyrst opp til gapahuken som Stavkaradn i Ryfoss har bygt. Derifrå gjekk me vidare til Riddarberget, og vidare til Utsikten ovanfor Ryfoss sentrum, med praktfull utsikt.
Kari var flink turførar, og hadde mykje interessant å fortelja.

Vi avslutta med kaffeservering på Utsikten, som styret i historielaget hadde ordna.
Framsida