VANG HISTORIELAG

Maitur på Vennis
I gamle spor langs Vennis-landet

Artikkel i "Valdres"1.6.2001 av Olav Robøle

Langs stranda mellom Sparstad og Leine er det tett med minne frå farne tider. Det fekk dei erfara, dei omtrent sytti som ga seg med på kulturhistorisk vandring onsdag. Naturen er heller ikkje å forakte på ein kveld som vêrmessig var noko trugande, men som etter kvart ga vermande solstråler over turen attmed den svartstille Vangsmjøsa. Stundom kunne det sendast augnekast over mot Grindane for å sjå korleis det tedde seg med skavlar som vennisingane frå gamalt av har merka seg for å få ein peikepinn om korleis året ville arte seg. Og inn mot seinkvelden gjorde flokken som så mange heilt sidan Olav den heilages tid, tok ein retteleg lang siesta på idylliske Leine-sanden.

Der alle fall
Det starta dramatisk, med opprulling av dramaet ved dei fire steinane nedunder Sparstad, der tre eller fire karar frå vestsida etter legenden vart liggjande etter basketaket med han Tor Hamre. Tor kom forresten ikkje langt etter feiden han heller, litt lenger nordmed stranda står steinen der han skal ha stupt, med ein del av innvolane sine som handbagasje. Under Sparstad kunne det òg filosoferast litt på Kyrkjeekra? Kan det i ei fjern fortid ha stått ei kyrkje der, eller er jordlappen ein blant dei mange som i si tid var kyrkjeeige? Nok om det, i vår tid gjev teigen frodig beite for gamp som skal gje frå seg proteinrik mjølk. Og tett attmed står mektige gravhaugar og vitnar om busetnad i førkristen tid.

Tingstad frå 1600-talet
Fleire gjerde laut forserast og mangt var det å falle i stavar over, før den neste store stansen, på Hamre-grunn. Her vitnar svært rike gravfunn om at det ein gong må ha levd storfolk. Meir handgripeleg i dag er Tingstøga frå 1600-talet, der det budde folk heilt til tunet vart flytta for omtrent ein mannsalders sidan. Jon Oldre Hamre fortalde forvitneleg om ein oppvekst på historisk grunn. Området ved Leineåne er vel det som flittigast blir besøkt på fine sumardagen, men priviligerte er dei som får han Lars Skrindsrud til å koma med korn og sleppe vatn på kallane åt eit par av dei gamle kvernene. Endå ein gong vart det høve til å sjå korleis vennisingane ordna seg med mjøl, og kjenne den karakteristiske svidde angen når stein gnissar mot stein. Også det rekonstruerte vasshjulet nede på Leine var sett i gang for høvet.
Tun på flyttefot
Mange tufter frå mange tidsperiodar vart det høve til å sjå langs leia. Om Vennis-bygda er frodig, har ho òg stundom naturkreftene farleg nær, og fleire gonger har tun måtta få ny plassering etter skred eller flaum. Sume har òg brote opp frå karrige heimar for å finne nytt tilvære ein annan stadi verda. Men grunnmurane står der, og vitnar om solid arbeid. Turen føyer seg fint inn i rekkja av dei lokalhistoriske vandringane i bygda, og lommekjende vegvisarar som Sigfred Hovda og Katharina og Jan Sparstad sytte for at han vart ekstra gjevande.
Framsida