VANG HISTORIELAG
Bauta over Knut Nørsvin 1811-1880
Bautaen er reist litt nordafor tunet i Nørsvin. Den vart reist av vener lenge etter at Knut hadde selt garden og reist til Amerika. Dette gjorde han fordi han var så vonbroten etter utfallet som den lange og vonde striden om etterbruk av Vang stavkyrkje hadde fått at han ikkje orka å bu i bygda lenger. Dei to bileta nedst er tekne i Vesterheim Museum, Decorah. Der finn ein att kvernsteinane som Knut hadde med seg. Du finn meir å lesa om Knut Nørsvin, om steinen og dei som sette han opp i boka 'Heensåsen Kyrkje 1902-2002' av Sigfred Hovda.
Framsida