VANG HISTORIELAG
Turhåndbok som tar deg med langs pilegrimsveien fra Hedalen stavkirke til St. Thomaskirken på Filefjell. Boken er en praktisk og konkret reisebeskrivelse med kart og fotografier, der du kan lese om gamle middelalderkirker og andre kulturminner langs veien.
Jahn Børe Jahnsen: Pilegrim i Valdres. På ny veg mellom gamle kirker
Her finn du detaljert info om Pilegrimsleia frå der ho kjem inn i Vang kommune ved Øygarden i Høre og der ho endar ved St Thomaskyrkja på Filefjell. Boka har hendig format 13x18 cm og går ned i ei litt stor lomme eller i sekken. Leia frå Høre stavkyrkje går gjennom skogen og siste delen på bilveg til Heensåsen kyrkje. Dette er same leia som den gamle Kongevegen hadde på denne strekka. På vegen passerer du fleire gamle buplassar. Frå kyrkja går du over Remmisåsen og kjem ned til vasskanten på nordsida av Vangsmjøsa. Du går mange kilometer med fagert utsyn. Ved Leinekvernene må du gjera ein stopp for å sjå på dei. Vidare til Øye. Frå Øye tek du opp Rødalen, forbi stølane og stig opp i snaufjellet. Deretter slakke forbi Tenlefjorden til du når målet for turen som er St Thomaskyrkja.


Pilegrimsfellesskapet St Thomas i Valdres arrangerer årleg pilegrimsvandring frå Hedalen til Filefjell. Mange mil av leia går gjennom Vang
Framsida