VANG HISTORIELAG
Vang Historielag sin hausttur sundag 28. august 2011.

Vang Historielag arrangerer hausttur til Belgen og Belgslettadn bakanfor Grindane sundag 28. august med frammøte ved bommen til Helinvegen kl. 11.00.

Når dei fleste av oss er ute på tur, hender det frå tid til annan at vi kjem over restane av ei gamal dyregrav, ei hustomt eller eit gamalt steingjerde. Andre blir svært interesserte og prøver å finne fleire slike rester etter tidlegare liv i fjellet. Annie Selle er ei dame som har interessert seg meir enn normalt for slike ting. Ho har tråla Vangsfjella i mange år saman med Dag Nordsveen nettopp på leiting etter gamle spor etter menneskeleg aktivitet, og har registrert funna sine på ein nøyaktig måte.
Då historielaget spurte henne om å bidra på ein hausttur, vart ho i fyr og flamme, og svara ja til det med det same. Ho anbefalte varmt Belgeslettadn, der ho har funne 25-30 forskjellige funn på eit lite område.

Historielaget har fått overlevert eit omfattande materiale med tekstar, bilete og  funnstader (mange av dei med GPS koordinatar) som ein vil legge inn på  denne sida med tid og stunder (Helge R, anm)
Framsida