VANG HISTORIELAG
Boka er utgitt i 2009 av Vang historielag. Det er ei bok som består av ei stor samling med tekstar. Dei fleste er skrivne av Johannes Bøe (1888-1973), men sonen Nils (1927-2008)har også lagt til tekstar. Sonesonen, Johannes, har fullført arbeidet.
Framsida
TORSDAG 17. DESEMBER 2009 I AVISA VALDRES

Av Sigfred Hovda

Garden er nedre Søre-Bø og grenda er Vangssøkné.
Ja, dette er ei spesiell bok som har vorte til på ein spesiell måte som eg her skal gjera greie for: Johannes Bøe som var fødd i 1888 var ein aktiv og vaken herremann, gardbrukar i Søre-Bø. På sine eldre dagar tok han seg føre med det mange burde gjera, han skreiv om livet sitt, frå barndom, ungdom, manndom og alderdom. Og han skreiv godt. Då gamlefar hadde lagt ned vandringsstaven, tok sonen Nils seg av det faren hadde skrive. Han "reinskreiv" det og fletta inn mykje av sine eigne og syskena sine opplevingar med mor og far. Syskena hans, Torfin og Marie, har og skrive.
Men Nils skulle ikkje oppleva å få sjå boka ferdig trykt. Han døydde brått sommaren 2008. Då var det Johannes, sonen hans, som tok ansvaret for bokarbeidet og har fullført verket til far og bestefar.
Det som gjer denne boka til mykje meir enn ei gards- og slektsbok for Søre-Bø, er at han Gamle-Johannes fortel så mykje om livet i grenda i hans levetid. Han fortel om hoppbakkar og skeisemoro i måneskinskveldar på Vangsmjøsen, om festlege lag og joletradisjonar, om fiske. fangst og reinstrafikk, mykje om stølen og stølsdrift og stølstradisjonar før i tida, om arbeidet på garden og stølsvegbygging, - og mykje meir interessant. Men fyrst og fremst er det forteljinga om ein ganske spesiell ungdom med mykje tiltakslyst og planar for livet sitt. Men det var ikkje enkelt. Smått med pæing hjå han som hjå andre på den tida. Likevel handlar han hest som 19-åring, og 21 år gamal blir han reineigar og fjellmann.
Aldeles rørande er friarhistoria hans. Han blinka seg ut ei jente på kørgefest i Hørisbygden, men det skulle gå lang tid før ho vart kjæring i Bø. Meir vil eg ikkje fortelja.
Nei det var ikkje så greitt å koma med kjæring på garden. Småe hus og mykje folk. "Ventetida" vart brukt til husbygging, både stort innehus og uthusbygning.
Eg kan ikkje forstå anna enn at dette må vera interessant lesing, sjølvsagt fyrst og fremst for vangsgjeldingar og særleg hovudsokningar, men me vil alle kjenne att mykje frå det gamle og halvgamle grendemiljøet. Yngre lesarar vil få god kjennskap til korleis det var å vekse opp i Vang fyrst på 1900-talet.

Farsarven. Gårds og bygdehistorie fra Vang i Valdres