VANG HISTORIELAG
Boke um Ryføss. Frå nesten ingen ting til livskraftig bygdesenter.
Vang historielag 2007. Av Sigfred Hovda
Framsida
Boka har 136 sider fordelt på 83 undertitlar. Dei 10 første sidene er om gammeltida, buplassar, husmannsplassar og oldtidsfunn. Resten er om kva dei som var fødde frå omlag 1885 og seinare fekk til. Det var hotelldrift og turistkøyring, bilverkstad, butikkar, bakeri, ysteri og kjøtforedling. Og det var industri med metallverkstad, mølle, sagbruk, pelsdyrhald, elektrisk installasjon, betongverk og heile 5 snikkarverkstader. Det var og offentleg nærvere av Post, Telegraf, Lege og Tannlege (alle er borte nå). Av sosiale tiltak hadde dei musikklag, sangkor/3 utgaver av 'Stjernekoret', og eit idrettslag. Og du finn omtale av nokre personar som markerte seg, fremst mellom dei sjølsagt ho 'Ingibjør i Føsse'.